Rumpetroll
From Wikipedia, the free encyclopedia
Rumpetroll er larvene til halelause amfibium. Dei lever i vatn, andar med gjeller og har lang symjehale. Etter få dagar mistar dei dei utvendige gjellene og går over til å ande med indre gjeller i eit gjellekammer. Dette opnar seg i ein til to traktforma andehol på hudoverflata. Under den vidare utviklinga vert gjellene og halen tilbakedanna og det vert utvikla bein og dei krabbar på land.