Rumensk i Eurovision Song Contest
From Wikipedia, the free encyclopedia
Rumensk i Eurovision Song Contest gjev oversyn over bruken av det rumenske språket i Eurovision Song Contest. Den fyrste gongen ein song på rumensk vart framført i Eurovision Song Contest var i 1994 då Romania debuterte med «Dincolo de nori» av Dan Bittman. Sidan den gong har to land delteke med til saman ni ulike bidrag som har vorte framført på rumensk; fem frå Romania og fire frå Moldova. Av landa som kan delteke er rumensk offisielt språk i Romania, Moldova og Vojvodina i Serbia.