Rottumeroog
From Wikipedia, the free encyclopedia
Rottumeroog (eller Rottum) er ein av tre øyar som utgjer øygruppa Rottum i Dei vestfrisiske øyane i Nederland. Øyane ligg like utanfor kysten i Vadehavet sør i Nordsjøen. Øya er kalla opp etter landsbyen Rottum i provinsen Groningen.
Kjappe fakta Geografi, Administrasjon ...
Rottumeroog | |
---|---|
Satellitbilete av Rottumeroog og Rottumerplaat | |
Geografi | |
Stad | Vadehavet |
Koordinatar | 53°32′25″N 6°34′55″E |
Øygruppe | Dei vestfrisiske øyane
|
Areal | 3 km²
|
Administrasjon | |
Land | Nederland |
Provins | Groningen
|
Lukk
Øya er ikkje busett og det er vanlegvis ikkje lov å gå i land på øya. Berre eit par gonger kvart år er øya open for ålmenta.
På grunn av havstraumane i området flyttar Rottumeroog seg gradvis og vil truleg ein gong forsvinne i estuaret til Ems.