![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/a/aa/Greater_Painted-snipe_%2528Male%2529_I2_IMG_9477.jpg/640px-Greater_Painted-snipe_%2528Male%2529_I2_IMG_9477.jpg&w=640&q=50)
Riksesniper
fuglefamilie / From Wikipedia, the free encyclopedia
Riksesniper er tre artar vadefuglar i ein biologisk familie Rostratulidae. Utsjånaden deira kan likne på bekkasinar, men dei er rekna å vere nærast i slekt med bladhøns.
Riksesniper | |
![]() Riksesnipe, Rostratula benghalensis Foto: J.M.Garg | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
Familie: | Riksesniper Rostratulidae Ridgeway, 1919 |
Riksesnipene har korte bein, og har langt nebb med form som nebbet hos sniper, fjørdrakta vekkjer meir merksemd enn hos snipene. Dei syner kjønnsdimorfisme både i storleik og i fjørdrakta, og hannane er generelt meir avtona i fager og er mindre. Alle tre artar har store framratta auge, og dei er aktive i skymringa, jamvel nær nattlege i levesettet sitt.
Formeringsbiologien til riksesnipene er noko ulike i dei to slektene. Rostratula er generelt polyandriske, medan dvergriksesnipa er ein monogam art. Hofuglane i slekta Rostratula vil knyte seg til fleire hannar i paringstida, men så fort egga er lagt vil hannane ta seg av ruginga og omsorg av ungane. Reiret av begge artar i slekta er grunt koppforma, ofte bygd på ei plattform av vegetasjon. Kullet er på 2 til 4 egg, som vert klekt etter 15 til 21 dagar.
Alle riksesniper lever i sivsumpar og myrer, vanlegvis i låglandet. Utanfor hekkesesongen lever dei generelt einslege. Dei er altetande, tar fôr av virvellause dyr og frø. Byttedyr inkluderer leddormar, sniglar, akvatiske insekt og krepsdyr. Frøa av grasvekstar som hirse og ris kan òg danne ein vektig del av dietten til enkelte bestandar.