From Wikipedia, the free encyclopedia
Rossbybølgjer (eller planetære bølgjer) er storskala rørsler i havet eller atmosfæren som blir skapt av endringar av corioliskrafta med breiddegraden. Bølgjene blei først oppdaga i atmosfæren i 1939 av Carl-Gustaf Arvid Rossby som seinare forklarte rørsla deira.
Rossbybølgjer har ein fasefart (farten til bølgjetoppane) som alltid går vestover. Gruppefarten (assosiert med energifluksen) til bølgja kan derimot ha ein annan retning. I hovudsak har kortare bølgjer ein gruppefart i austleg retning, medan lange bølgjer har ein gruppefart mot vest.
Ein snakkar om «barotrope» og «barokline» rossbybølgjer for å skilje mellom den vertikale strukturen deira. Barotrope rossbybølgjer varierer ikkje vertikalt og har den høgaste forplantingsfarten. Dei barokline bølgjene er seinare med ein fart på berre eit par centimeter i sekundet eller mindre.
Rossbybølgjer i atmosfæren kan ein lett observere som storskala svingingar i jetstraumen. Når desse svingingane blir ekstra store kan dei skilje frå kvarandre kalde og varme luftmassar og danne lågtrykk og høgtrykk.
Fasefarten er gitt ved:
Der c er bølgjefarten, u er den midla vestlege vinden, er rossbyparameteren, og k er det totale bølgjetalet.
Både barotrope og barokline rossbybølgjer i havet skapar variasjonar i høgda på havoverflata, men bølgjelengda til bølgjene har vore svært vanskeleg å måle før ein fekk satellittar som kunne måle denne høgda. Barokline bølgjer fører til store endringar i termoklinen i havet, ofte fleire titals meter. Satellittobservasjonar har vist at Rossbybølgjer, særleg på lågare og midlare breiddegrader, kan bruke månadar og til og med år på å krysse store hav som Stillehavet.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.