Rosa Luxemburg (5. mars 1871–15. januar 1919) var ein leiande marxistisk tenkjar. Ho var den leiande personlegdomen på venstrefløya i det tyske sosialdemokratiske partiet (SPD), og var med på å grunnleggje det tyske kommunistpartiet (KPD) før ho blei drepen av høgre-orienterte frikorpssoldatar under spartakistopprøret i Berlin i 1919. Luxemburg levde det meste av det vaksne livet sitt i Tyskland, men var likevel ein av dei viktigaste teoretikarane til dei polske sosialdemokratane.
Rosa Luxemburg | |||
| |||
Fødd | Rozalia Luxenburg, Rozalia Luksenburg 5. mars 1871 Zamość | ||
---|---|---|---|
Død | 15. januar 1919 Berlin | ||
Nasjonalitet | Tyskland, Det russiske imperiet | ||
Yrke | politikar, filosof, revolusjonær, samfunnsøkonom, journalist, redaktør, politisk teoretiker, plantesamlar, diplomutdanning, kommentator, redaktør, dosent | ||
Alma mater | Universitetet i Zürich | ||
Ektefelle | Gustav Lübeck, Julian Marchlewski | ||
Sambuar | Leo Jogiches |
Ungdom og tidleg politisk aktivitet
Róża Luksemburg (polsk stavemåte) blei fødd i ein jødisk familie i det noverande Polen i 1871. Ho kom tidleg med i arbeidarrørsla, i form av det forbodne arbeidarpartiet Proletariat. På grunn av det politiske arbeidet sitt måtte Luksemburg flykta frå landet i 1889. Ho drog til Sveits der ho byrja å studera ved universitetet i Zürich: Ho tok filosofi, historie, politikk, økonomi og matematikk samstundes. Hovudemna hennar var statsvitskap, mellomalderen og børskriser.
Ho heldt seg fortsatt aktiv innan arbeidarrørsla. I 1893 skipa ho, saman med Julian Marchlewski og Leo Jogiches, eit tidsskrift med namnet Sprawa Robotnicza ('Arbeidarsaka') som eit motsvar til den veksande nasjonalismen i det polske sosialistpartiet. Luksemburg meinte at den polske vegen til sjølvstende gjekk gjennom revolusjonar i Russland, Tyskland og Austerrike og ein solidarisk kamp mot kapitalismen. Seinare danna ho og Jogiches Det sosialdemokratiske partiet i kongedømet Polen.
Politikk i Tyskland
I 1898 gifta Rosa Luxemburg seg med Gustav Lübeck og fekk dermed tysk statsborgarskap. Dei flytta til Berlin, der ho blei med i venstrefløya i det tyske sosialdemokratiske partiet, SPD. Ho var av dei skarpaste kritikarane av Eduard Bernstein sin «revisjonisme», der ho hevda at det ikkje er eit spørsmål om reform eller revolusjon, men at kampen for reformene er forma og den sosiale revolusjonen innhaldet i arbeidarrørsla sin kamp. Ho var heller ikkje samd med russaren Vladimir Lenin, som ho hevda ville gi sentralleiinga i partia altfor stor makt, slik at livgivande demokratisk debatt ville komme til å kvelast, og resultatet ville komme til å bli eit diktatur over arbeidarklassen. Ho støtta Julius Martov i striden om dette i det russiske sosialdemokratiske partiet. Rosa Luxemburg er såleis kjend for både å vere svært radikal og samtidig veldig demokratisk, anti-autoritært innstilt.
Spartakusforbundet
Da fleirtalet i SPD si riksdagsgruppe stemte for krigskredittar til regjeringa under første verdskrigen, gjekk Rosa Luxemburg, Eduard Bernstein, Karl Kautsky og fleire andre kjende sosialdemokratar og krigsmotstandarar ut av partiet. Dei danna eit nytt parti, kalla det Uavhengige Sosialdemokratiske Partiet i Tyskland (USPD). Rosa Luxemburg høyrde til venstrefløya også i det nye partiet, ei gruppe som kalla seg Spartakusforbundet.
Etter dei russiske revolusjonane i 1917, blei det eit stort press frå krigstrøytte soldatar og arbeidarar også i Tyskland, og den tyske revolusjonen braut ut i november 1918. Keisaren måtte gå av og det blei danna ei provisorisk regjering med folk frå SPD og USPD. Det blei inngått ein våpenstillstandsavtale med vestmaktene. Men radikale soldatar og arbeidarar ville gå lenger enn SPD i å omdanne samfunnet. USPD gjekk ut av regjeringa fordi den under leiing av SPD eigentleg ikkje var særleg radikal i praksis, og fleirtalet i Spartakusforbundet bestemte seg for å danne eit kommunistisk parti som i Russland. Rosa Luxemburg var eigentleg skeptisk til dette, og enda meir skeptisk da andre «spartakistar» stilte seg i brodden for eit opprørsforsøk i Berlin i januar 1919. Oppreisten blei da også slått ned, og Rosa Luxemburg var ein av dei som blei drepne da, etter å ha blitt teken til fange først.
Det er blitt hevda at sentrale personar i SPD-regjeringa kjende til og godtok planen om å drepa Rosa Luxemburg etter ho var teken til fange. Det at dei tyske kommunistane trudde det var slik, er ei av forklaringane på deira uvilje mot å samarbeide med SPD seinare, jamvel da nazismen trua.
Verk
Nokre av dei viktigaste verka til Rosa Luxemburg er:
- 1900 - Sosialreform eller revolusjon?
- 1904 - Det russiske sosialdemokratiets organisasjonsspørsmål
- 1918 - Den russiske revolusjonen
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.