From Wikipedia, the free encyclopedia
Rosa Liksom, eigentleg Anni Ylävaara, (fødd 7. januar 1958 i Övertorneå) er ein finsk forfattar og biletkunstnar.
Rosa Liksom | |
Pseudonym | Rosa Liksom |
Statsborgarskap | Finland |
Fødd | 7. januar 1958 (66 år) Övertorneå |
Yrke | omsetjar, kunstmålar, fotograf, skodespelforfattar, skribent, teikneserieskapar, barnebokforfattar, filmregissør |
Rosa Liksom på Commons |
Liksom er ein av dei mest omsette moderne finske forfattarane. Ho har skrive om byfolk, om ungdom, og om menneske frå utkantstrok i Nord-Finland. Som person dreg Liksom seg attende frå offentlegheita.
Novellesamlinga Tyhjän tien paratiisit (1989) er omsett til norsk som Paradis på en øde vei (1991). For romanen Hytti nro 6 mottok Liksom Finlandiapriset i 2011, og denne er nominert til Nordisk Råds litteraturpris i 2013.
Hytti nro 6 eller Kupé nr. 6 (omsett til svensk av Janina Orlov) handlar om ei ung finsk jente, «Flickan», som i 1986 er på veg med Den transsibirske jernbanen til Ulan Bator for å sjå på helleristingar. På turen må ho dele kupé med ein russisk mann, oftast omtalt som «Mannen», som skal same stad for å arbeide som bygningsarbeidar. Han er svært alkoholisert, har eit slibrig språk og fortel mykje om horer han har kjøpt tenester av. «Flickan» er på reise bort frå kjærasten Mitka og mora hans Irina, og det kjem fram at ho har hatt eit forhold til og elskar dei begge. Romanen er full av referansar til russisk litteratur og til klassisk musikk.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.