![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/1b/Romsdalsfjorden.jpg/640px-Romsdalsfjorden.jpg&w=640&q=50)
Romsdalsfjorden
From Wikipedia, the free encyclopedia
Romsdalsfjorden er den niande lengste fjorden i Noreg med ei lengd på 88 km. Han ligg i Romsdal i Møre og Romsdal.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/1b/Romsdalsfjorden.jpg/640px-Romsdalsfjorden.jpg)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/db/6.57545E_62.10248N_Romsdalsfjorden%2C_Sunnm%C3%B8re_fjords%2C_Nordfjord.png/640px-6.57545E_62.10248N_Romsdalsfjorden%2C_Sunnm%C3%B8re_fjords%2C_Nordfjord.png)
Starten av fjorden i vest vert rekna for å gå mellom Dryna i Midsund kommune og Brattvåg. Eit annan innløp ligg lenger nord ved Julsundet mellom Otrøya i vest og Molde i aust.
Fjorden forgreiner seg i dei mindre Tresfjord og Tomrefjord i sør, medan hovuddelen held fram mot aust. Fjorden deler seg så i tre greiner:
- Moldefjorden og fortsetjinga Fannefjorden går forbi Molde nord for Moldeøyane.
- Langfjorden er den lengste armen av fjorden med greinene Karlsøyfjorden, Rødvenfjorden, og den vakre Eresfjorden.
- Ein sørleg arm forbi Åndalsnes som endar ved Isfjorden i Rauma.
Frå Austlandet kan ein nå fjorden via Gudbrandsdalen ved Lesja og ned Romsdal til Åndalsnes. Dette er òg endestasjonen til Raumabanen.
Veøya - den heilage øya - var senteret i området før Molde. Han ligg der dei tre armane forgreinar seg frå fjorden og var det viktigaste handelssenteret i mellomalderen mellom Trondheim og Bergen. Mellomalderkyrkja St. Peter frå seint på 1100-talet er i dag eit museum, men det vert stundom halde gudstenester her.