From Wikipedia, the free encyclopedia
«Discovery» er ei amerikansk romferje som høyrer til den amerikanske romfartsorganisasjonen NASA. Ferja er oppkalla etter HMS «Discovery», eit skip som oppdagaren James Cook nytta på si tredje reise. «Discovery» var den tredje romferja som vart bygd av NASA, og er den eldste av dei tre gjenverande romferjene. Det var «Discovery» som frakta teleskopet Hubble ut i bane rundt jorda. Det var òg «Discovery» som sende ut romsonden Ulysses. Romferja vart dessutan nytta som «return to flight mission» både då romferja «Challenger» eksploderte i 1986 like etter oppskyting, og då «Columbia» gjekk i oppløysing i 2003 etter å ha kome inn i jordatmosfæren. Discovery brakte og astronauten John Glenn frå Mercury-programmet ut i rommet igjen. Den amerikanske senatoren vart dermed den eldste romfararen nokonsinne.
Discovery | |
---|---|
Romferja Discovery vert transportert til utskytingsrampe 39B den 19. mai 2006 for STS-121 | |
OV beteikning | OV-103 |
Land | USA |
Kontrakt tildelt den | 29. januar 1979 |
Oppkalla etter | RRS Discovery |
Første tur | STS-41-D 30. august 1984-5. september 1984 |
Siste tur | STS-116 9. desember 2006-22. desember 2006 |
Antall reiser | 33 |
Mannskap | 199 |
Tid brukt i verdsrommet | 268.62 dagar |
Antall runder rundt jorda | 4,229 |
Distanse reist | 176,657,672 km |
Satellittar utplassert | 31 (inkludert romteleskopet Hubble) |
Samankoplingar med Mir | 1 |
Samankoplingar med Den Int. romstasjonen | 7 |
Noverande status | Aktiv |
Den første turen til «Discovery» var den 30. august 1984. Oppdraget var å plassere ut tre kommunikasjonssatellittar i bane rundt jorda. Denne romferda med «Discovery» var planlagd gjennomført allereie i juni det året, men diverse tekniske problem gjorde at utskytinga vart stansa heile tre gonger. Ved det fjerde forsøket braut eit privatfly flyforbodsona og risikerte dermed utskytinga på ny, men etter ei utsetjing på nesten sju minutt kom ferja seg avgarde klokka 08.41.50 om morgonen, lokal tid. Den første ferda til «Discovery» varte i seks dagar og 50 minutt og romferja landa ved Edwards Air Force Base den 5. september 1984.
Romferder med romferja Discovery | ||
---|---|---|
1984: STS-41-D | STS-51-A | 1985: STS-51-C | STS-51-D | STS-51-G | STS-51-I | 1988: STS-26 | 1989: STS-29 | STS-33 | 1990: STS-31 | STS-41 | 1991: STS-39 | STS-48 | 1992: STS-42 | STS-53 | 1993: STS-56 | STS-51 | 1994: STS-60 | STS-64 | 1995: STS-63 | STS-70 | 1997: STS-82 | STS-85 | 1998: STS-91 | STS-95 | 1999: STS-96 | STS-103 | 2000: STS-92 | 2001: STS-102 | STS-105 | 2005: STS-114 | 2006: STS-121 | STS-116 | 2007: STS-120 |2008: STS-124 | 2009: STS-119 | STS-128 | 2010: STS-131 | 2011: STS-133 |
Amerikanske romferjer | ||
«Atlantis» · «Challenger» · «Columbia» · «Discovery» · «Endeavour» · «Enterprise» · «Pathfinder» · «Explorer» |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.