Romersk bad, også kjent som terme (latin thermae; frå gresk: θερμός, thermos, «varmt»; også balnea, av gresk βαλανεῖον, balaneion) var fasilitetar for bad i romersk tid. Med «terme» siktar ein til store, keisarlege badekompleks, medan balneae var mindre fasilitetar, offentlege eller private, som eksisterte i stort tal over heile Romarriket.[1]

Thumb
Det romerske badet i den engelske byen Bath, som har fått namn etter badet.

Dei fleste romerske byar hadde minst eitt, om ikkje fleire, slike badeanlegg. Desse sentera blei ikkje berre brukt til å vaska seg i, men også til sosialisering og andre aktivitetar. Ein bygde også badehus i private villaer, byhus og i festningar. Dei fekk vatn frå ei nærliggjande elv eller mest vanleg, frå røyrleidningar som ein akvedukt. Vatnet blei varma opp frå ein eldstad før det blei kanalisert inn i varme baderom. Utforminga av slike bad er diskuterte og skildra av arkitekten og ingeniøren Vitruvius i verket hans De Architectura libri decem.

Thumb
Symbol på eit badegolv i mosaikk frå Sabratha i provinsen Africa, dagens Libya. Det viser badesandalar, tre strigelar (skraper) og ordtaket SALSVOM LAVISSE, «eit bad er bra for deg».[2]

Bygningsutforming

Thumb
Kart over Gammalbadet i Pompeii.

Eit offentleg bad blei bygget rundt tre hovudrom: caldarium (stort varmt bad), tepidarium (varme bad) og frigidarium (kalde bad). Ein del romerske bad hadde også dampbad: sudatorium, eit fuktig dampbad, og laconicum, eit tørt dampbad ganske likt ei moderne badstove (sauna).

Bada hadde ofte også ein tilknytt palaestra, eit utandørs gymnastikkområde der mennene kunne driva på med ulike spel med ball og øvingar. Her kunne ein også løfta vektar og kasta diskos. Mennene olja seg inn (då såpe var ei luksusvare og ikkje vanleg tilgjengeleg), vatn, og skrapar (strigel) for å fjerna olja. Velståande menneske kunne ha med seg ein capsarius, ein slave som bar handkleet til herren, olje, og skrapar til bada og som deretter vakta dei medan herren bada då det var kjend at tjuvar ofte hang rundt i bada.

Kulturell tyding

På mange måtar var dei romerske bada likeverdige med samfunnssentera. Ettersom badeprosessen tok tid var det nødvendig med samtalar. Mange romarar nytta bada som ein stad å invitera venner til middagsselskap, og mange politikarar kunne gå til bada for å overtyda medborgarane sine til å bli deltakarar i deira sak. Bada hadde mange andre tenester i tillegg til eller i tilknyting til bad, som bibliotek, rom for framføring av poesi og stader for å kjøpa og eta mat.[3]

Bada var også ein stad for viktige skulpturar; blant dei velkjende som er funne ved termane til Caracalla i Roma er Den farnesiske oksen og Den farnesiske Herkules. Begge er i dag i Museo di Capodimonte i Napoli.

Romarane meinte at god helse kom frå bad, mat, massasje og trening. Bada hadde alle desse godene på ein stad. Ettersom fleire borgarar bada fleire gonger i veka var det romerske samfunnet prega av relativ høg personleg hygiene.[4] Det er sagt at då ein romersk keisar blei spurd av ein utlending om kvifor han bada ein gong om dagen, skal han ha svart: «Eg har ikkje tid til å bada to gonger om dagen».[5]

Keisarar bygde offentlege bad for å utmerka seg sjølv og samtidig byggja eit varig monument over sin eigen sjenerøsitet. Om ein velståande romar ønskte å oppnå gunst frå folket kunne han betala for ein dag med fri tilgang i sitt namn. Til dømes kunne ein senator som håpa å bli tribun betala inngangspengane ved eit særskilt bad på fødselsdagen sin for å bli kjend for folket i området.

Det blei bygga badeanlegg over heile Romarriket. Der det var varme kjelder, som i Bath i England, Băile Herculane i Romania eller Serdica i Bulgaria, blei det bygd eit romersk bad rundt dei. Alternativt blei det bygd eit system av kypokaust (frå hypo, ‘nedanfor’ og kaio, ‘å brenna’) for å utnytta varmen ved at vatnet blei ført i røyr frå ein omn (praefurnium).

Ei rekkje romerske offentlege bad har overlevd til moderne tid, anten som ruinar eller i ulik grad av konservering. Blant dei meir kjende romerske bada er badeanlegget i Bath i England, bada til Caracalla, byggverk som termane til Diokletian (bad), Thermae Titi, bada til keisar Titus, og til keisar Trajan (alle i Roma), i tillegg til bad i Sofia, Serdica og Varna (alle i Bulgaria). Dei truleg med komplette er ulike offentlege og private bad i Pompeii.

Som eit resultat av dei muslimske erobringane av austromersk territorium frå 600-talet og framover, blei badekulturen overlevert til fyrst arabarane, og sidan tyrkarane. Slik kan ein spore ei ubroten utvikling frå det romerske badet til dagens hamam eller tyrkiske bad.[6]   

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.