From Wikipedia, the free encyclopedia
Rolv Thesen (14. juli 1896–13. september 1966) var ein norsk litteraturforskar, statsstipendiat og diktar frå Moskenes.
Rolv Thesen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 14. juli 1896 |
Død |
13. september 1966 (70 år) |
Yrke | litteraturkritikar, biograf, lyrikar, skribent, filolog |
Thesen tok artium i hovudstaden i 1916. Deretter var han lærar ved Kvæfjord Middelskole i Troms i tre år. Han byrja så å studere filologi i Kristiania, og var dessutan i 1920/21 styrar for ein eittårig middelskule for landsungdom. Etter han hadde gjort unna hovudfag i historie i 1926, arbeidde han tida 1926-31 som lektor på Eidsvoll landsgymnas. Thesen tok i 1928 til som litteraturkritikar og spaltist i Arbeiderbladet, ei verksemd han dreiv livet ut. Han var òg litterær konsulent for Aschehoug forlag. Frå 1949 var han statsstipendiat.
Litteraturforskaren Thesen skreiv både om samtidsforfattarar som Olav Duun, Tore Ørjasæter og Johan Falkberget, og om eldre, store forfattarar. Særleg oppteken var han av Arne Garborg sin forfattarskap, og som han gjennom avhandlinga Arne Garborg. Frå jærbu til europear vart dr. philos. på i 1934. Thesen sitt viktigaste verk er det ufullførte Diktaren og bygda som kom i tre band. I dette arbeidet sette Thesen skildringar av bygdeliv inn i ein sosialpsykologisk samanheng. Under namnet Harald Hamre gav Thesen ut tre diktsamlingar.
Thesen var medlem av Forfatterforeningen sitt litterære råd frå 1937 til 1963. I 1946 var han med å stifte Norsk Litteraturkritikerlag.
Han døydde på Elverum.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.