italiensk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Roberto Rosato (18. august 1943–20. juni 2010) var ein italiensk fotballspelar frå Chieri i Piemonte. Han spelte på AC Milan i perioden 1966-73 og vann sju store triumfar med den milanesiske storklubben, både Europacupen, Cupvinnarcupen (to gongar), Serie A og tre nasjonale cupmeisterskap. Midtstopparen Rosato vart europameister med Italia i 1968 og fekk VM-sølv i 1970. Mellom 1965 og -72 opptredde han 37 gongar i den mørkeblå landstrøya til Italia.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Roberto Rosato | ||
Fødd | 18. august 1943 | ||
Fødestad | Chieri i Kongedømet Italia | ||
Død | 20. juni 2010 (66 år) | ||
Dødsstad | Chieri i Italia | ||
Høgd | 176 cm | ||
Posisjon | Forsvarsspelar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1960–1966 | Torino | 131 | (4) |
1966–1973 | Milan | 187 | (5) |
1973–1977 | Genoa | 84 | (1) |
1977–1979 | Aosta | 48 | (1) |
Totalt | 450 | (11) | |
Landslag | |||
1965–1972 | Italia | 37 | (0) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Rosato debuterte i 1961 for Serie A-klubben AC Torino. Klubben spelte cupfinale både i 1963 og 1964, men begge gongane enda det med tap. I 1966 gjekk han over til AC Milan, der han gjennom sju sesongar var med å vinne sju meistertitlar. Han fekk cupgull i sin fyrste sesong, sesongen etter vart det siger i både Cupvinnarcupen og i den italienske serien. Største triumfen med Milan opplevde han då Milan slo Ajax med 4-1 i Europacupfinalen 1969. Seinare vart han cupmeister i 1972, medan han i sin siste sesong med klubben vann Cupvinnarcupen for andre gong og sitt tredje nasjonale cupgull. Frå 1973 til -77 spelte Rosato for Genoa CFC i både Serie A og Serie B. Han la opp som fotballspelar i 1979.
Rosato fekk sin debut for Italia i mars 1965 i ein vennskapskamp mot Vest-Tyskland i Hamburg. Han var fast på på landslaget til VM 1966 i England, men fekk få kampar i tida fram til neste verdsmeisterskap. I 1968 var han ein av dei som kom inn på laget før Italia spelte den andre finalekampen i EM i fotball 1968, der det vart siger med 2-0 over Jugoslavia. Under VM i 1970 spelte han alle kampane, også då Italia spelte finale mot Brasil og tapte 1-4. Fram til hausten 1972, då han spelte sin siste landskamp, var han så godt som fast for Italia. Han skåra aldri landslagsmål.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.