![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/86/Redentor.jpg/640px-Redentor.jpg&w=640&q=50)
Rio de Janeiro
From Wikipedia, the free encyclopedia
Rio de Janeiro er både namnet på ein delstat søraust i Brasil og namnet på hovudstaden i same delstat. Namnet tyder "Januarelva" på portugisisk.
- Sjå òg Rio de Janeiro (fleirtyding)Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon.
Rio de Janeiro | |||||
---|---|---|---|---|---|
![]() | |||||
| |||||
Styresmakter | |||||
Land Region |
Brasil Søraust Delstaten Rio de Janeiro | ||||
Grunnlagd | 1. mars 1565 | ||||
Ordførar | Marcelo Crivella | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd | 1 260,029215 km² | ||||
Innbyggjarar - By (2022) |
14,387,000 | ||||
Koordinatar | 22°54′30″S 43°11′47″W | ||||
Høgd over havet | frå 0 til 1021 m | ||||
Tidssone | UTC-03:00 (UTC) | ||||
Diverse anna | |||||
Heimeside: http://www.rio.rj.gov.br | |||||
Nettstad: www.rio.rj.gov.br |
Byen var hovudstaden i Brasil mellom 1763 og 1960 og hovudstaden i heile det portugisiske imperiet mellom 1808 og 1821. Byen vert som regel berre kalla Rio, og har i tillegg kallenamnet A Cidade Maravilhosa - "Den vidunderlege byen".
Byen er kjend verda rundt på grunn av fleire unike særtrekk: spektakulær natur, den årlege karnevalsfeiringa, samba og andre musikkformer, kjende strender som Copacabana, Ipanema og Leblon, og fortau pynta med svarte og kvite bølgjer. Dei mest kjende landemerka i tillegg til strendene er kristusstatuen Cristo Redentor på Corcovado-fjellet, Sukkertoppen, karnevalsbygget Sambodromen, og Maracanã fotballstadion, som er ein av verdas største. Rio har òg den største skogen i verda som ligg innanfor bygrenser, nemleg Floresta da Tijuca, eller Tijuca-skogen.
Om ein inkluderer drabantbyane, er befolkninga på lag 14 millionar. Rio er den nest største byen i Brasil etter São Paulo, og var hovudstad i Brasil fram til 1960, då Brasília vart gjort om til hovudstad. Personar frå Rio vert kalla cariocas.