Riigikogu
From Wikipedia, the free encyclopedia
Riigikogu (tyder på norsk Riksforsamlinga) er den lovgjevande forsamlinga i Estland. Ho er samansett av av eitt kammer med 101 representantar som er valde for fire år gjennom eit proporsjonalt valsystem. Representantane vert valde frå 11 valkrinsar. Stemmerettsalderen er 18 år, og ein kan veljast inn frå ein er 21 år. Sperregrensa er 5 %.
Kjappe fakta Virkefelt, Skipa ...
Riigikogu | |||
| |||
![]() | |||
Virkefelt | Estland | ||
---|---|---|---|
Skipa | 23. april 1919 | ||
Hovudkontor | Castrum Danorum | ||
Jurisdiksjon | Estland | ||
Nettside | https://www.riigikogu.ee/ |
Lukk
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/b/b1/Tallinn_Estonian_Parliament_2008_1.jpg/640px-Tallinn_Estonian_Parliament_2008_1.jpg)
Riigikogu vel kvart femte år den estiske presidenten. Denne har i hovudsak seremonielle oppgåver, då den utøvande makta ligg hjå regjeringa. Regjeringa er avhengig av støtte frå nasjonalforsamlinga. Presidentskapet i Riigikogu er samansett av tre medlemmer, éin riksdagspresident og to visepresidentar. Desse vert valde blant medlemmene i nasjonalforsamlinga.