guatemalansk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Rigoberta Menchú Tum (fødd 9. januar 1959) er ein guatemalsk politikar og menneskerettsforkjempar. Ho er maya og har frå sin tidlege ungdom vore aktiv i kampen mot undertrykking av mayaene sin kultur. Denne kampen har ho seinare utvida til å omfatte undertrykte folkeslag i store delar av verda.
Rigoberta Menchú | |||
| |||
Fødd | 9. januar 1959 (65 år) Laj Chimel | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Guatemala | ||
Yrke | politikar, skribent, sjølvbiograf, menneskerettsaktivist | ||
Medlem | Romaklubben Nobel Women's Initiative | ||
Alle verv |
Sidan den folkevalde venstreorienterte Arbenz-regjeringa blei styrta av CIA-leidde kuppmakarar i 1954, er om lag 200 000 menneske drepne i landet, dei fleste av militæret og høgre-ekstreme dødsskvadronar. Mange av desse offera var mayaer. Frigjeringsrørsla URNG har i mange år kjempa mot militærstyret.
Dei siste åra har det vore relativt fredeleg i landet etter ein avtale mellom frigjeringsrørsla og styresmaktene. Men dei store sosiale problema er framleis der, og likeins diskrimineringa av mayaene.
Rigoberta Menchú fekk Nobels fredspris i 1992 for si rolle i arbeidet med å få til ein fredsavtale.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.