Rigg
From Wikipedia, the free encyclopedia
Rigg er overomgrepet for alle deler på ein seglbåt eller -skip som har med sjølve seglinga å gjere. Det vert skild mellom ståande rigg, løpande rigg og segl. Ståande rigg er delar som under vanleg segling ikkje vert flytta på, som mast, stag og vantar. Løpande rigg er derimot alle deler som vert nytta under seglinga for å styre segla, som fall (tau for å heise segl), eller skot som forandrar stillinga til segla og forma etter vindtilhøva.
Eit anna omgrep for heile riggen på eit seglfartøy er takkelasje. Å avtakle syner til å rigge ned takkelasjen på eit skip.