Karkonosze eller Krkonoše (tsjekkisk) er ei fjellkjede i Sudetane i Sentral-Europa. Fjellkjeda vert stundom kalla Dei store fjella (tysk Riesengebirge). Namnet er gamalt, vart nemnd av Ptolemaios, og kan ha urindoeuropeisk opphav. Tydinga av namnet har vorte bevart, og på latin var namnet Gigantei montes.

Thumb
Flyfoto av Karkonosze

Fjella strekkjer seg frå nordvest mot søraust og dannar grensa mellom Polen og Tsjekkia. Det høgaste fjellet er Śnieżka (tsjekkisk: Sněžka; tysk: Schneekoppe) med ei høgd på 1 602 meter. Fjellet ligg på den polsk-tsjekkiske grensa og er òg det høgaste i fjellet i Tsjekkia. Store område av Karkonosze er verna gjennom ein nasjonalpark i begge land. Fjella er kjend for skistadane og vert stadig meir populært som eit billigare, og for mange nærmare, alternativ til Alpane.

Viktige landsbyar i Karkonoszefjella er:

  • Karpacz, skistad i Polen
  • Szklarska Poręba, skistad i Polen
  • Špindlerův Mlýn, skistad i Tsjekkia
  • Harrachov, i Tsjekkia
  • Pec pod Sněžkou, skistad i Tsjekkia
  • Przesieka i Polen
  • Kowary i Polen

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Karkonosze


Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.