nederlandsk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Reinier Lambertus van de Kerkhof, nemnd René van de Kerkhof, (fødd 16. september 1951) er ein nederlandsk tidlegare fotballspelar, særleg kjend for sine år som vengspelar i PSV Eindhoven og på Nederlands landslag. Også tvillingbroren Willy van de Kerkhof var landslagsspelar.
Van de Kerkhof i 1975 | |||
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Reinier Lambertus van de Kerkhof | ||
Fødd | 16. september 1951 (73 år) | ||
Fødestad | Helmond i Nederland | ||
Posisjon | Høgrevinge | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1970–1973 | Twente | 99 | (34) |
1973–1983 | PSV | 278 | (85) |
1983–1984 | Apollon Smyrnis | 23 | (3) |
1984–1985 | Seiko | 20 | (9) |
1985–1988 | Helmond Sport | 61 | (8) |
1988–1989 | FC Eindhoven | 30 | (3) |
Totalt | 491 | (133) | |
Landslag | |||
1973–1982 | Nederland | 47 | (5) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Kerkhof spelte 1970-73 på FC Twente. Dei neste ti sesongane fram til 1983 gjorde han teneste i PSV Eindhoven, der han perioden 1974-78 var med på å vinne den nasjonale cupturneringa to gongar og seriemeisterskapen tre gongar. Dei suksessrike åra vart avslutta med triumf i UEFA-cupen 1978. Frå 1983 til han la opp i 1989 var Kerkhof aktiv i Hellas, Hong Kong og for klubbar på lågare nivå i heimlandet.
Kerkhof fekk sin landslagsdebut i mars 1973. Han var med i VM-troppa 1974, spelte einast den andre omgangen i VM-finalen, ein kamp Nederland tapte 1-2 mot Vest-Tyskland. Under Fotball-VM 1978 i Argentina hadde han og broren Willy meir sentrale roller då Nederland på ny spelte seg til VM-finale og som sist tapte for arrangørlandet. Kerkhof deltok i 47 landskampar, den siste i september 1982. Han skåra fem mål for Nederland.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.