Relativ fukt skildrar vassdampinnhaldet i ei gassblanding av luft og vatn. Relativ fukt er definert som forholdet mellom partielltrykket til vassdamp i ei gassblanding av luft og vatn og vassdampen sitt mettingstrykk til vatn ved ein gjeven temperatur. Relativ fukt blir uttrykt i prosent og blir utrekna på følgjande måte:
der:
- er den relative fukta til gassblandinga.
- er partielltrykket til vassdampen i gassblandinga
- er vassdampen sitt mettingstrykk ved temperaturen til gassblandinga.
Mistydingar
Relativ fukt er forholdet mellom vassdampmengda i luft og den maksimale vassdampmengda som lufta kan innehalde om lufta var metta. Ofte vert relativ fukt tyda som vassdampen lufta kan halde på, men relativ fukt omhandlar berre dei fysiske eigenskapane til vatn aleine.
Mistydinga oppstår mest sannsynleg i samband med ordet metting som ofte blir brukt i definisjonen av relativ fukt. Metting i denne samanhengen referer til mettingstilstanden til vassdamp og ikkje oppløysingsevna av eit stoff i eit anna.
Liknande omgrep
Relativ fukt blir berre brukt om vassdamp i luft. Uttrykket relativ metting blir brukt til å skildre liknande eigenskapar for system med andre stoff enn vatn som kan kondensere.
Den relative fukta til eit system er ikkje berre avhengig av temperatur, men òg av det absolutte trykket til systemet. Derfor kan ein forklare endringar i den relative fukta ved hjelp av endringar i temperaturen, det absolutte trykket eller begge.
Andre viktige forhold
Ein gass i denne samanhengen vert kalla metta når vassdamptrykket for vatn i luft er er lik likevektsvassdamptrykket for vassdamp ved temperaturen til gassblandinga. Flytande vatn (og is om temperaturforholda ligg til rette for det) vil ikkje miste masse gjennom fordamping når lufta er metta.
Utsegna om at relativ fukt ikkje kan kome over 100 % stemmer relativt bra, men ikkje alltid. Eit unntak er fysikaren Charles Wilson sitt skykammer i kjernefysiske eksperiment, der ein kan oppnå «overmetting»
For eit gjeve doggpunkt og den samsvarande absolutte fukta, vil den relative fukta minke når temperaturen aukar. Dette kjem av at partielltrykket til vatn aukar med temperaturen – eit prinsipp brukt i alt frå hårfønarar til avfuktingsmaskinar.
Sidan partielltrykket til vassdamp aukar med temperaturen, kan vassinnhaldet i luft ved havnivå bli så stort som 3 % ved 30ºC når ein samanliknar massen til vatn og luft. Ved 0ºC utgjer vassinnhaldet berre om lag 0,5 %. Dette forklarar den låge fukta i oppvarma rom om vinteren, som ein igjen merkar ved tørr hud, kløe på augene og auka utladingar av statisk elektrisitet. Sjølv om utelufta er metta (100 % fukt), kan lufta bli svært tørr når den blir varma opp innandørs.
På same måte vil ein om sommaren kunne sjå vassdamp som kondenserer til vassdropar på kalde flater som lufteanlegg eller utsida av iskalde drikkeflasker.
Vassdamp er ein lettare gass enn luft ved same temperatur, så fuktig luft vil ofte stige ved naturleg konveksjon. Dette er ein av mekanismane som dannar torevêr og andre vêrfenomen. Relativ fukt er ofte ein god indikator på kor stort sannsyn det er for nedbør, dogg eller tåke. Fukta kan òg påverke korleis folk merkar temperaturen. Høg relativ fukt om sommaren gjer at temperaturen kan virke høgare enn den i røynda er fordi fordampingsevna av sveitte frå huda blir hindra. Kor stor denne effekten er vert gjeve av ein varmeindeks.
Sjå òg
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.