Støre-regjeringa
regjering i Noreg leia av Jonas Gahr Støre / From Wikipedia, the free encyclopedia
Regjeringa Støre er regjeringa i Noreg frå 14. oktober 2021, med statsminister Jonas Gahr Støre som regjeringssjef. Ho er ei mindretalsregjering og er samansett av Arbeidarpartiet (Ap) og Senterpartiet (Sp). Medrekna statsminister Gahr Støre bestod regjeringa opphavleg av 19 statsrådar: 11 frå Arbeidarpartiet og 8 frå Senterpartiet.[1] Den 16. oktober 2023 vart regjeringa utvida med ein ekstra ministerpost: Digitaliserings- og forvaltningsminister, denne ministerposten gjekk til Arbeidarpartiet.[2]
Totalt sju regjeringsmedlemer har måtte gå av som fylgje av ulike personlege skandalar.[3]