![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/c9/RealImage.png/640px-RealImage.png&w=640&q=50)
Reelt bilete
From Wikipedia, the free encyclopedia
Eit reelt bilete av eit objekt er når biletpunkta kjem fram direkte som eit kryssingspunkt for referansestrålene.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/c9/RealImage.png/320px-RealImage.png)
Samlelinser eller konvekse linser og holspegel (konkave speglar) gjev reelle bilete av objekt som ligg lenger frå linsa (eller spegelen) enn brennplanet. Særs fjerne objekt vert avbilda sterkt forminska i brennplanet, noko som vert utnytta i kikkertar. Når objektet rykker mot linsa (spegelen), rykker biletet bort frå linsa og aukar i storleik. Når objektet ligg nærare linsa (spegelen) enn det dobbelte av brennvidda, er bilete forstørra, noko som vert vert utnytta i mikroskop.
Begge typar bilete kan ein sjå direkte frå eit punkt bak bilete (rekna i stråleretninga). Ein kan til dømes sjå omgjevnadane sine gjennom ei positive brille eller ei leselupe heldt i god avstand frå auge. Ein ser då objektet dreidd 180° om aksen til linsa. Visst ein på tilsvarande måte ser på omgjevnadane sine i ein holspegel, ser ein lekamen dreidd 180 ° og spegelvendt (ei høgrehand blir no avbilda som ei venstrehand) og eit slikt bilete vert kalla invertert.
Ein kan òg sjå reelle bilete indirekte ved å fange dei opp på ein meir eller mindre gjennomskinneleg materiell flate (filmlerret, mattglasplate, fotografisk film eller liknande). Visst vi ser biletet på mattglassplata frå ein stad bak i biletet (i retning mot linsa eller spegelen), er situasjonen analog med den som vart skildra ovanfor. I retning mot linsa ser vi då biletet dreidd 180°, og i retning mot spegelen ser vi eit invertert bilete. Visst vi ser det same biletet i retning frå linsa eller spegelen, skjer ei ny spegelvending, og biletet er for linsa sitt vedkommande invertert (som i eit camera obscura) og for spegelen sitt vedkommande berre dreidd 180° der den andre spegelvendinga opphevar den første.
Eit invertert, reelt bilete kan ein òg få på eit filmlerret ved å snu lysbiletet i framvisaren bak-fram og opp-ned.