![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/b/bb/Arpad_Schmidhammer_-_Rotk%25C3%25A4ppchen-Verlag_Josef_Scholz%252C_Mainz_ca_1910.jpg/640px-Arpad_Schmidhammer_-_Rotk%25C3%25A4ppchen-Verlag_Josef_Scholz%252C_Mainz_ca_1910.jpg&w=640&q=50)
Raudhette
From Wikipedia, the free encyclopedia
Raudhette eller Raudhette og ulven er eit europeisk folkeeventyr med usikkert opphav. I Tyskland og Nord-Europa er Grimm-brørne sin versjon «Rotkäppchen und der (böse) Wolf» frå 1812 best kjend, men den eldste nedskrivne versjonen er Charles Perrault sin franske «Le Petit Chaperon rouge» frå 1697.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/b/bb/Arpad_Schmidhammer_-_Rotk%C3%A4ppchen-Verlag_Josef_Scholz%2C_Mainz_ca_1910.jpg/640px-Arpad_Schmidhammer_-_Rotk%C3%A4ppchen-Verlag_Josef_Scholz%2C_Mainz_ca_1910.jpg)
«Raudhette» er eit av dei mest utbreidde, omarbeidde og fortolka og parodierte eventyra som finst. Det har kome i eit utal bokutgjevingar, ofte med nye illustrasjonar.
I Noreg har Margrethe Munthe brukt historia i songen «Rødhette», som fyrste gong stod på trykk i 1918.