fugleslekt From Wikipedia, the free encyclopedia
Rapphøner er biologisk slekt Perdix med tre nolevande fuglar i fasanfamilien. Den eine arten rapphøne kan treffast sporadisk i søraustlegaste Noreg, desse er resultat av introduserte fuglar som jaktvilt. Naturleg utbreiing for gruppa er i eit sentralt belte gjennom Den palearktiske regionen. Arten rapphøne er dessutan innført som jaktvilt i Nord-Amerika.
Rapphøner | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Hønsefuglar Galliformes |
Familie: | Fasanfamilien Phasianidae |
Underfamilie: | Perdicinae |
Slekt: | Rapphøner Perdix Brisson, 1760 |
Slekta Perdix vart først skildra av den franske zoologen Mathurin Jacques Brisson i 1760 med rapphøne (Perdix perdix) som typeart.[1] Slektsnamnet er latin for «rapphøne», som i seg sjølv er avleidd frå gammalgresk 'πέρδιξ' (pérdīx).[2] Rapphøner er nært i slekt med ryper, vaktlar og fasanar.[3]
Dette er mellomstore hønsefuglar på 28-33 centimeter med lyst, uklårt farga nebb og bein, brune striper og flekker på oversida, tverrstriper på flankane og korte, raudbrune halar. Arten rapphøne er marginalt større enn dei to andre artane. Ingen av kjønna har sporar på beina, og den einaste forskjellen på fjørdrakta er at hoene har ein tendens til å vere mattare i utsjånad enn hannar. Fjellrapphøne har eit slåande svart-kvitt ansiktsmønster, svarte bryst og 16 halefjører i staden for 18 hos dei to andre artane.
Naturleg utbreing for gruppa er frå nordaustre Iberia i vest, austover til Primorskij kraj i søraustre Russland. Nordgrensa er sørlege Finland, sørgrensa er Tyrkia og Nepal. Det er representantar for Perdix i det meste av tempererte Europa og Asia. Éin medlem av slekta, rapphøna, har vorte introdusert til USA og Canada som jaktvilt. Dette er standfuglar på opphavleg på sletteland og liknande ope land, sjølv om dei i dag er meir knytt til jordbruksland. Reiret er ein fora grunn skrape i bakken i eller nær dekke. Dei lever av eit breitt utval av frø og noko insekt.
Alle dei tre artane er kategoriserte som livskraftige av Verdas naturvernunion. Arten rapphøne har vore hardt ramma av landbruksendringar, og med reduksjon av utbreiingsområdet.
Rapphøner i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V14.1. 2024,[4] Norske artsnamn er etter Norske navn på verdens fugler.[5]
Rapphøner deler namnet sitt med Perdix, nevøen til Daidalos frå gresk mytologi, som forvandla seg til fuglen då onkelen hans myrda han i sjalusi. Han vart drepen då han vart kasta hovudstups ned frå den heilage Minerva-høgda. Derfor, med tanke på fallet hans, byggjer fuglen reiret sitt på bakken, flyg heller ikkje høgt og unngår generelt høge stader.[9]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.