Ramen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ramen (ラーメン / 拉麺), lånt gjennom japansk frå kinesisk lā miàn, «strekte nudlar», er ein japansk nudelrett, basert på kveitemjøl, som først oppstod i Kina på 1600-talet. Nudlane blei i nyare tid integrert i japansk matlaging, men har òg blitt svært populære i andre delar av Asia. Vanlegvis blir nudlane serverte med ein god del tilbehøyr, og tek lang tid å laga.
Ramen er òg opphavet til hurtigramen, som blei funne opp i 1958 av japanaren Momofuku Andō. Desse kan enkelt lagast til ved å hella kokande vann over dei, og blir etne over store delar av verda. Den sannsynlegvis meste kjende typen instant ramen i Noreg var per 2004 Mr. Lee, lansert av den koreanskfødde kokken Lee Chul-ho.