tysk songar og musikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Ralf Hütter (fødd 20. august 1946) er ein tysk klaverspelar og songar i electronica-bandet Kraftwerk. Etter at Florian Schneider slutta i bandet i 2008, er han den einaste som har vore med heilt frå starten av.
Ralf Hütter | |||
Ralf Hütter av Ueli Frey, 1976 | |||
Fødd | 20. august 1946 (78 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Krefeld i Nordrhein-Westfalen i Tyskland | ||
Fødenamn | Ralf Hütter | ||
Opphav | Tyskland | ||
Aktiv | 1965 til i dag | ||
Sjanger | Elektronisk musikk Synthpop Krautrock | ||
Instrument | Synthesizer, klaverinstrument, vocoder, gitar, bassgitar, trommer, perkusjon, vokal | ||
Tilknytte artistar | Kraftwerk Organisation The Phantoms[1] The Quartermasters[2][3] | ||
Verka som | Musikar og vokalist |
Hütter vart fødd i Krefeld i Tyskland. Han bur i dag nær Düsseldorf.[4] Han møtte Florian Schneider medan han studerte improvisasjon ved konservatoriet i Düsseldorf.[5]
Ralf Hütter er ein entusiastisk tilhengjar av sykling. Ei vandesoge skal ha det til at då bandet var på verdsturné, så slapp bussen han av 100 km frå endestaden, slik at han kunne sykle den siste vegen. Bandet byrja å sykle då dei spelte inn albumet Die Mensch-Maschine seint i 1970-åra. Singelen «Tour de France» inneheld lydar av syklar som sykkelkjede, girmekanismar og pusting frå ein syklist. Ralf Hütter prøvde på denne tida å overtale bandet til å spele inn eit album basert på sykling, men dette vart ikkje noko av. Prosjektet vart til slutt gjeve ut som Tour de France Soundtracks i 2003.
Hütter var involvert i ei alvorleg sykkelulukke i 1983, under innspelinga av det skrinlagde albumet Techno Pop.[6] Berre singelen «Tour de France» og to demoar vart tilgjengeleg etter innspelingane. Han vart lagt i koma som følgje av ulukka.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.