Rajya Sabha
From Wikipedia, the free encyclopedia
Rajya Sabha (sanskrit for 'stat-samling') er overhuset i det indiske parlamentet (Sansad). Overhuset har 245 representantar som hovudsakleg sit i seksårsperiodar. Desse er arrangerte slik at ein tredel av periodane ender kvart andre år. Dei fleste medlemmene blir valde inn av dei ulike territorium- og delstatsforsamlingane, men 12 medlemmer blir peikte ut av presidenten i India for bidrag til kunst, kultur, vitskap og samfunn. Visepresidenten i India er ordstyrar for kammeret.
Begge kammera kjem saman i den indiske parlamentsbygningen Sansad Bhavan i Delhi. Rajya Sabha har i prinsippet same makt som underhuset Lok Sabha, bortsett frå i budsjettspørsmål. Om kammera er ueinige skal dei ha eit felles møte. Her blir Lok Sabha mektigast ettersom det har rundt dobbelt så mange medlemmer som Rajya Sabha. I India si historie har ein berre halde tre slike fellesmøte, det siste i 2002 for Prevention of Terrorism Act.
Rajya Sabha blei skipa 3. april 1952 og heldt sitt første møte 13. mai same året.