From Wikipedia, the free encyclopedia
Ra'anana (hebraisk skrift רַעֲנָנָה, tyder ‘Fersk’) er ein by i hjartet av den sørlege Sharonsletta i Det sentrale distriktet i Israel. Han har eit folketal på 68 300 (2009).[1] Ra'anana grensar til Kfar Saba i aust og Herzliya i sørvest. Dei fleste innbyggjarane er innfødde israelarar, men her finst òg ein god del innvandrarar frå Amerika og Europa.
Ra'anana | |||
by | |||
Panorama av Ra'anana | |||
|
|||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Sentral | ||
Koordinatar | 32°11′N 34°52′E | ||
Areal | 14,878 km² | ||
Folketal | 68 300 (2009)[1] | ||
Grunnlagd | 2. april 1922 | ||
Borgarmeister | Ze'ev Bielski | ||
Ra'anana 32.183333333333°N 34.866666666667°E | |||
Kart som viser Ra'anana.
| |||
Wikimedia Commons: Raanana | |||
Mange leiande, globale og lokale selskap har kontor i det høgteknologiske industriområdet i Ra'anana. Han fekk status som ein «Grøn by» av Verdas Helseorganisasjon i 2005.[2]
I 1912 danna selskapet for jødisk busetnad i Israel gruppa «Ahuza A – New York» for å kjøpe landområdet i Israel for eit jordbrukssamfunn. Den første verdskrigen forseinka planane deira, men den 2. april 1922 drog to vogner frå Lilienblum- og Herzlgata i Tel Aviv med fire «Ahuza»-medlemmar, tre arbeidarar og to væpna vakter. Etter ei fem timar lang reise, lossa dei bagasjen sin på staden som skulle bli Ra'anana.
I den første tida vart busetnaden kalla «Ahuza A – New York.» Arabarane i regionen kalla han «Vesle Amerika» sidan dei fleste innbyggjarane var engelsktalande og kom frå New York. Seinare fekk han namnet «Ra'anania» og til slutt «Ra'anana». Under sjølvstendekrigen var han ein landsby med 3 000 innbyggjarar.
Seint i 1960-åra hadde han eit folketal på 85 000 og dekka eit område på 15 km².[3] I 1980-åra fekk Ra'anana bystatus.
Den største fotballklubben i byen er Hapoel Ra'anana. I basketball er byen representert ved Bnei Hasharon, som spelar ved MetroWest skule.
Ra'anana er venskapsby med: [4]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.