![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/a/ae/Erdoelprobe_Wietze.jpg/640px-Erdoelprobe_Wietze.jpg&w=640&q=50)
Råolje
From Wikipedia, the free encyclopedia
Råolje er flytande petroleum og er ei etterspurt handelsvare verda rundt. Vi nyttar omgrepet råolje om olja før ho er raffinert, men etter at oppløyst vatn og naturgass er fjerna.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/a/ae/Erdoelprobe_Wietze.jpg/640px-Erdoelprobe_Wietze.jpg)
Ein nyttar ulike parametrar for å fastsetje karakteristikken åt råolja frå ein førekomst. Dei viktigaste er:
- API tyngd (grader, høg verdi for lett olje), òg som
- tettleik (masse/volum),
- sulfatinnhald (prosent) – syre
- koaguleringspunkt (grader Celsius),
Ettersom tilgangen på råolje er avgrensa og ulikt fordelt mellom landa i verda, så har prisen og fluktuasjonen i prisen stor innverknad på utanriksøkonomien i kjøparland og seljarland. Råolje vert transportert frå produksjonsstaden til marknaden gjennom røyr eller med tankskip.