Pytagoreisk stemming
From Wikipedia, the free encyclopedia
Pytagoreisk stemming er eit prinsipp for stemming av instrument, som favoriserer reine kvintar framfor andre intervall. Dette prinsippet vart halde i hevd gjennom heile mellomalderen, og vart utvikla på grunnlag av tankane Pytagoras hadde om musikk og reinleik. Mellomaldermusikken er difor skriven med tanke på kvinten som konsonerande intervall, og tersen som dissonerande.