![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/d0/SR20_pyranometer_1.jpg/640px-SR20_pyranometer_1.jpg&w=640&q=50)
Pyranometer
From Wikipedia, the free encyclopedia
Eit pyranometer er eit instrument som vert nytta til å måle globalstrålinga, summen av direkte solinnstråling og diffus stråling. Dette omfattar t.d. ikkje langbølgja, infraraud stråling frå jorda. Eit pyranometer består av ein sensor som er utforma for å måle solstrålingsstyrken (i watt pr. m²) over eit synsfelt på 180 grader.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/d0/SR20_pyranometer_1.jpg/640px-SR20_pyranometer_1.jpg)
Namnet pyranometer kjem frå dei greske orda pyr som tyder «brann» og ano som tyder «himmel».
Eit typisk pyranometer krev ikkje ekstern kraft for å drivast.