Puy de Dôme
From Wikipedia, the free encyclopedia
Puy de Dôme er ein stor lavadom og ein av dei yngste vulkanane i Chaîne des Puys-området i Massif Central i sørlege delar av det sentrale Frankrike, om lag 10 km frå byen Clermont-Ferrand. Departementet Puy-de-Dôme er kalla opp etter vulkanen.
- Denne artikkelen handlar om fjellet. For det franske departementet, sjå Puy-de-Dôme.
Kjappe fakta Land, Område ...
Puy de Dôme | |||
fjell | |||
Land | Frankrike | ||
---|---|---|---|
Område | Nær Clermont-Ferrand | ||
Fjelltype | Lavadom | ||
Fjellkjede | Chaîne des Puys i Massif Central | ||
Høgd | 1 464 moh. | ||
Bergartar frå | <10 000 pr | ||
Siste utbrot | 5760 fvt. | ||
Lettast tilkomst | veg | ||
Førstestiging | Ukjend | ||
Koordinatar | 45.5°N 2.8°E / 45.5; 2.8 | ||
Puy de Dôme 45.772°N 2.9624°E / 45.772; 2.9624 | |||
Wikimedia Commons: Puy de Dôme (mountain) | |||
Lukk
Ein reknar med at Le puy de Dôme vart danna ved eit einaste utbrot, og har vore utan vulkansk aktivitet dei siste 12000 åra. Han ligg på eit granittplatå i tusen meters høgd, til liks med alle dei andre vulkanane i Chaîne des Puys (Puysfjellkjeda). Denne rekkja av vulkanar, som inneheld mange sinderskjegler, lavadomar og maarar, ligg merkeleg nok langt borte frå kanten til ei kontinentalplate.