Python
programmeringsspråk / From Wikipedia, the free encyclopedia
Python er eit objektorientert programmeringsspråk starta av Guido van Rossum i 1989. Van Rossum valde namnet «Python» fordi han er fan av Monty Python, og fordi han meiner at programmering skal vera artig.
Kjappe fakta Utviklar, Utgjeve ...
Python | |||
| |||
| |||
Utviklar | Python Software Foundation, Guido van Rossum | ||
---|---|---|---|
Utgjeve | 20. februar 1991[1] | ||
Nyaste versjon | 3.12.4 (6. juni 2024)[2] | ||
Operativsystem | multiplattform | ||
Skrevet i | Python, C | ||
Type | programvareutvikling, berekningsvitskap, maskinlæring, dataanalyse, programmering, webutvikling | ||
Lisens | Python Software Foundation-lisens | ||
Nettstad | https://www.python.org/ |
Lukk
Python var opphavleg eit scriptspråk for Amoeba OS for å laga systemendringar. Perl, Ruby, Tcl, Scheme og tildels Java vert ofte set på som alternativ til Python. Python er utvikla som ei fri programvare-prosjekt.
Python har ein lettlest og klår syntaks. I Python vert koden delt opp etter innrykk, ikkje etter spesialtegn som t.d. }. Dette er trekk ved programmeringsspråket som skal gjera det lettare og raskare å skriva program. Mange ser på Python som ein nyare, men strengare og meir strigla versjon av Perl.