pattedyrorden From Wikipedia, the free encyclopedia
Snabeldyr (Proboscidea) er ein orden som omfattar éin nolevande familie, Elephantidae, og fleire utdøydde familiar, Gomphotheriidae (ein underfamilie av Elephantoidea), kanskje Stegodontidae (avhengig av plasseringa av Stegodon) og Mammutidae. Elephantidae omfattar tre levande elfeantartar (afrikansk steppeelefant, afrikansk skogelefant og asiatisk elefant) og dei no utdøydde mammut-artane av slekta Mammuthus frå Eurasia og Nord-Amerika. Mot slutten av den siste istida fanst det òg fleire artar gomphotheriidae i Mellom- og Sør-Amerika, fleire stegodonar i delar av Asia, og den amerikanske mastodonten frå familien Mammutidae i Nord-Amerika.[1]
Snabeldyr | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Underklasse: | Theria |
Infraklasse: | Placentale pattedyr Placentalia |
Overorden: | Afrodyr Afrotheria |
Orden: | Snabeldyr Proboscidea Illiger, 1811 |
Lenger attende i tida, under neogen, fanst òg familiane Platybelodon og Amebelodon. Det eldste kjende snabeldyret er Eritherium[2], følgd av Phosphatherium, begge frå paleocen-lag i Marokko. Frå eocen-tida er det kjend fleire svært primitive snabeldyr, mellom anna dei afrikanske Numidotherium, Barytherium og Moeritherium, og Anthracobunidae frå det indiske subkontinentet.
Snabeldyra kan oppsummerast slik:
†Gomphotheriidae
†Mammutidae
†Stegodontidae
†Amebelodontidae
†Anthracobunidae
†Barytheriidae
†Choerolophodontidae
†Deinotheriidae
†Gnathabelodontidae
†Hemimastodontidae
†Moeritheriidae
†Numidotheriidae
†Palaeomastodontidae
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.