Fyrstefødselsrett
From Wikipedia, the free encyclopedia
Fyrstefødselsrett, førstefødselsrett eller primogenitur er ein rett som tilkjem ein fyrstefødd,[1] ofte ein førstefødd son. Dette kan vera fortrinnsrett til ein tittel, arv eller arvefølgje.
Ordet «primogenitur» kjem frå fransk primogeniture og direkte frå mellomelalderlatin primogenitura, frå seinlatin primogenitus, 'fyrstefødde'.[2]
Omgrepa fyrstefødselsrett og primogenitur er i seg sjølv kjønnsnøytrale, men historisk har primogeniture arvesystem i tillegg svært ofte vore agnatiske, det vil seia at berre menn kunne arva. Eit slikt system som er både agnatisk og primogeniturt blir kalla agnatisk-primogeniturt eller mannleg-primogeniturt, og inneber at den eldste sonen alltid har prioritet, etterfølgd av sin eigen eldste son osb. Dersom den eldste sonen ikkje har søner sjølv vil ein eventuell yngre bror og deretter sønene hans ha prioritet.
Hensikta med eit primogeniturt arvesystem er å hindra oppdeling av eigedommane til ei slekt ved å halda hovuddelen av verdiane på ei hand. Arvesystemet gjeld dessuten gjerne titlar, særleg fyrstelege og høygare adelstitlar har som regel agnatisk-primogenitur arvefølgje.