Pottermore
From Wikipedia, the free encyclopedia
Pottermore er ein nettstad utvikla av J.K. Rowling, TH_NK og Sony. Sida er basert på bokserien Harry Potter, som seinare har blitt filmatisert.
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Sida tilbyr mange av Rowlings tankar, fleire sider med tekst som ikkje var inkludert i romanane, ein teneste som seljer e-bok- og lydbok-versjonar av dei sju Harry Potter-bøkene, samt over 18 000 ord ekstra innhald. Det ekstra innhaldet omfattar mange bakgrunnsdetaljer og innstillingar.
Registrering til den avgrensa betaversjonen byrja 31. juli 2011 (fødselsdagen til både Rowling og karakteren hennar Harry Potter) for dei fyrste ein million fans som fullførte "The Magical Quill"-utfordringa og registrerte seg. Det var eigentleg meininga at sida skulle opne for alle allereie i oktober 2011, men betaperioden blei forlenga. Pottermore opna for publikum 14. april 2012, og registrering er gratis. Til no er dei tre første og delar av den fjerde boka tilgjengeleg, Harry Potter og de vises stein (Harry Potter and the Philosopher`s Stone -PS-), Harry Potter og Mysteriekammeret (Harry Potter and the Chamber of Secrets-CoS-), Harry Potter og Fangen fra Azkaban (Harry Potter and the Prisoner of Azkaban-PoA-) og Harry Potter og ildbegeret (Harry Potter and the Goblet of Fire-GoF-).