Postverket
From Wikipedia, the free encyclopedia
Postverket i Noreg, som i 2002 vart organisert som eit aksjeselskap, Posten Norge AS, var opphavleg ei statleg verksemd med einerett til å distribuere brev og pakkepost innanlands og til utlandet. Frå 1926 og fram til 1993 var leiinga av postverket organisert som eit statleg direktorat, deretter ei forvaltningsverksemd med utvida fullmakt fram til 1996, og deretter eit selskap med namnet Posten Norge BA i samsvar med ei eiga lov, eit såkalla særlovselskap, som i 2002 altså vart omgjort til eit aksjeselskap.
Tidlegare hadde postverket sine eigne ekspedisjonslokale, postkontor, ikring i landet. Men i 2001 tok òg omorganiseringa av dette systemet til ved at det vart gjort avtale med ei mengd daglegvarebutikkar om ekspedisjonsstadar i butikkane, såkalla Post i Butikk, der butikkpersonalet skulle stå for ekspederinga av postkundane. Av dei 1500 ekspedisjonsstadane postverket hadde då, vart 1150 av typen Post i Butikk. I 2006 var talet på Post i Butikk auka til 1184, og talet på postkontor gått ned til 303, og seinare har enno fleire postkontor vorte lagde ned og tenesta vorte lagt til Post i Butikk. Postmengda har dessutan stendig vorte mindre, både av di elektronisk kommunikasjon har teke over for brevsendingar, og som fylgje av at konkurrerande distribusjonsverksemder har kome inn på marknaden etter kvart som postverkets distribusjonsmonopol har vorte svekka og til sist har falle heilt bort. Den tidlegare plikta postverket hadde til å syte for postombering kvar yrkedag i veka har vorte lempa på med tida. Distribusjonen om laurdagar var det fyrste som har falle vekk.