Portugisisk geografi
From Wikipedia, the free encyclopedia
Portugal er ein kystnasjon sørvest i Europa. Det portugisiske fastlandet ligg på Den iberiske halvøya og grensar berre til Spania i aust og nord. Grensa er 1214 km lang. Trass i den totale lengda så anerkjenner ikkje Portugal grensa frå deltaet til elva Caia til deltaet til elva Cuncos etter at Olivença-området vart okkupert av Det spanske kongedømet i 1801. Dette området, som i dag er okkupert av Spania, høyrer til Portugal, men det er ikkje anerkjend nokre grenser i dette området. I vest har Portugal ei 1793 km lang kystlinje mot Nord-Atlanteren. Portugal kontrollerer òg øyane Asorane og Madeira, som ligg strategisk til langs sjørutene inn mot Gibraltarsundet mellom Atlanterhavet og Middelhavet. Totalt dekkjer landet eit areal på 92 391 km² der 91 951 km² er land og 440 km² vatn.
Geografiske koordinatar: 38°43′N 8°5′W
Maritime krav:
kontinentalsokkel:
til djup på 200 meter eller til djup som kan utnyttast.
eksklusiv økonomisk sone:
200 nautiske mil (370 km)
territorialfarvatn:
12 nautiske mil (22 km)
Naturfarar: Både Asorane og kysten av fastlandet er utsett for kraftige jordskjelv, samt sjans for vulkanutbrot på Asorane. Skogbrann og ekstremvêr er heller ikkje uvanleg.