voivodskap i Polen From Wikipedia, the free encyclopedia
Pommerske voivodskap (polsk Województwo pomorskie eller berre Pomorskie) er ein av 16 voivodskap i Polen. Det ligg nord i Polen i den austlege delen av den historiske regionen Pommern (polsk Pomorze). Hovudstaden er Gdańsk.
Pommerske | |||
voivodskap | |||
|
|||
Land | Polen | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Gdańsk | ||
Areal | 18 293,0 km² | ||
Folketal | 2 300 000 (2019) | ||
Pommerske voivodskap 54.183333333333°N 18°E | |||
Kart over fylka i voivodskapet.
| |||
Wikimedia Commons: Pomeranian Voivodeship | |||
Voivodskapet vart oppretta 1. januar 1999 av dei tidlegare voivodskapa Gdańsk, Elbląg og Słupsk. Det grensar til Vestpommerske voivodskap i vest, Storpolske og Kujaviskpommerske voivodskap i sør, Ermelandskmasuriske voivodskap i aust og Austersjøen i nord. Det har òg ei smal grense mot Russland på Wisłahalvøya.
Gdańsk, er regionshovudstaden og dannar ein del av Trippelbyen i lag med Sopot og Gdynia. I voivodskapet ligg den smale Helhalvøya og den polske halvdelen av Wisłahalvøya. Andre turistdestinasjonar er Sopot, Jurata, Łeba, Władysławowo, Puck, Krynica Morska, Ustka, Jastarnia, Rozewie, Kuźnica og mange fiskehamnar og fyr.
Voivodskap inneheld 42 byar og landsbyar. Innbyggjartala på lista under er frå 2006stat.gov.pl:[daud lenkje]
1. Gdańsk (457 630) |
22. Miastko (10 987) |
Pommerske voivodskap er delt inn i 20 fylke (powiat) og av desse er fire byfylke og 16 landfylke. Desse er vidare delt inn i 123 kommunar (gmina).
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.