![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/ed/Pole_and_polar.svg/langnn-640px-Pole_and_polar.svg.png&w=640&q=50)
Pol og polare
From Wikipedia, the free encyclopedia
Pol og polar for eit kjeglesnitt er høvesvis eit punkt og ei linje som ligg i planet til kjeglesnittet, og som gjensidig bestemmer kvarandre. Dersom punktet (polen) er gjeve, vil polaren vere mengda av skjeringspunkt for tangentane til kjeglesnittet i dei to punkta der ein sekant gjennom polen skjer kjeglesnittet. Polaren er alltid ei rett linje, og ei vilkårleg linje som ligg i planet til kjeglesnittet er alltid polaren til eit bestemt punkt som pol, med unntak av tilfellet der linja går gjennom sentrum av kjeglesnittet.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/ed/Pole_and_polar.svg/220px-Pole_and_polar.svg.png)