![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/94/Podiceps_Diversity.jpg/640px-Podiceps_Diversity.jpg&w=640&q=50)
Podiceps
From Wikipedia, the free encyclopedia
Podiceps er ei biologisk slekt av vassfuglar og medlem av dukkarfamilien, Podicipedidae. Dette er dukkarslekta med fleste medlemmer og med dei største dukkarane i «den gamle verda». Representantar hekkar i Europa, Asia, Nord-Amerika og Sør-Amerika. Dei fleste artar på den nordlege halvkula trekker til kysten eller til varmare klima om vinteren.
Podiceps | |
![]() Montasje av åtte artar, frå venstre mot høgre i tre rekker: Toppdukkar, tiaradukkar, gråstrupedukkar; horndukkar og svarthalsdukkar; junindukkar, sølvdukkar, spydnebbdukkar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Podicipediformes |
Familie: | Dukkarfamilien Podicipedidae |
Slekt: | Podiceps Latham, 1787 |
Som alle dukkarar hekkar dei ved vasskanten, fordi dei ikkje er i stand til å gå godt på land med beina som er festa heilt bakpå kroppen. Vanlegvis legg dei to egg i kullet, og dei stripa ungane blir ofte frakta på ryggen av ein av foreldra.
Alle i slekta er gode symjarar og dukkarar, og forfølgjer fisk under vatn.
Vaksne har ei iaugefallande fjørdrakt, og kjønna er like. Om vinteren er fjørdrakta meir fargelaus i grått og kvitt.