From Wikipedia, the free encyclopedia
Pneumatikk er overføring av energi ved hjelp av trykksette gassar, vanlegvis luft.
Trykkluft vert laga ved hjelp av ein kompressor. Eit lite pneumatisk anlegg kan bruka ein eigen kompressor, flasker med trykkluft eller det kan vera forsynt frå ein sentral med ein større kompressor gjennom eit forgreiningssystem. Ein kompressor er ei pumpa som kan vera driven av t.d. ein elektromotor eller ein forbrenningsmotor.
Trykkluft kan driva handverkty av ulike slag, eller større maskinar.
Mellom kompressor og forbrukar brukar ein gjerne ein eller fleire filterregulatorar. Filterregulatoren har eit filter som sikrar at lufta ikkje inneheld for store partiklar, ventilar for å stilla inn trykket med, og eit manometer for å kunna kontrollera at trykket er rett.
For å styra og regulera eit pneumatisk system kan ein bruka mange typar av ventilar, som retningsventilar, strupeventilar, tilbakeslagsventilar, overtrykksventilar og andre typar sikkerheitsventilar.
Overføring av trykk skjer ved hjelp av slangar eller røyr av plast eller metall. Det at mediet som vert brukt er vanleg, rein luft, gjer at ein ikkje treng stilla krav til materialet i røyra, bortsett frå trykklasse og mekaniske påkjenningar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.