![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/f/f6/JuncusCompressus.jpg/640px-JuncusCompressus.jpg&w=640&q=50)
Planteslekta siv
planteslekt / From Wikipedia, the free encyclopedia
Siv er ei planteslekt i sivfamilien. Dei fleste artane er fleirårige, eit mindretal er eittårige. Plantane har slette runde strå, ofte med laus merg. Blada er trådsmale og renneforma eller runde, med eller utan ei rekkje knutar. På ein del av artane går støttebladet rett opp som skulle det vere toppen av strået. Blomstrane er brune og sit i kvast eller hovud. Dei dannar ein kapsel med mange frø. Om lag tjue artar veks i Noreg.
Kjappe fakta
Sivslekta | |
![]() | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophyta |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Grasordenen Poales |
Familie: | Sivfamilien Juncaceae |
Slekt: | Sivslekta Juncus L., 1753 |
Lukk
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/2c/Juncus_triglumis_Atlas_Alpenflora.jpg/640px-Juncus_triglumis_Atlas_Alpenflora.jpg)
I daglegtale vert fleire høge plantar som veks i sumpområde kalla siv, til dømes takrøyr.