Planar graf
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein planar graf er i grafteori ein graf som kan teiknast i planet utan at nokre av kantane skjer kvarandre. Ein ikkje-planar graf kan ikkje teiknast på ein sånn måte. Ein plan graf er ein planar graf som er teikna i planet. Ein kan definere ein plan graf som ein planar graf med ei avbilding frå kvart hjørne til eit punkt i det todimesjonale rommet, og frå kvar kant til ei plan kurve, slik at endepunkta til kvar kurve samsvarer med posisjonane til endehjørna, og alle kurvene er disjunkte bortsett frå i endepunkta.