![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/c3/NO_road_sign_530.11.svg/langnn-640px-NO_road_sign_530.11.svg.png&w=640&q=50)
Pilsymbol
From Wikipedia, the free encyclopedia
Pil som symbol eller teikn er ei stilisert framstilling av våpenet (prosjektilet) pil, nytta for å syne retning eller for å påpeike eller framheve noko særskilt.
Kombinert med andre ting kan pila nyttast i bilete eller skulptur for å symbolisere kjensler, som til dømes pilen som dei antikke kjærleiksgudane skyt med for å vekkje kjærleik og attrå i eit menneske overfor eit anna menneske. Ei framstilling av ei pil gjennom ein hjarta er difor eit kjent symbol for kjærleik mellom menneske. I andre samanhengar kan ei pil, eller kombinasjonen pil og boge, stå for makt og mynde.
- Piler på trafikkskilt
- Vegen til dyrehagen
- Naudutgang gjennom do
- Kjærleiksguden Amor (Eros) førebur seg til skot med pil og boge. Romersk kopi av gresk statue, fyrste hundretalet e.Kr.
- Kjærleikssymbol
- Ei flygande pil, pil med venger, i kommunevåpenet for Finnøy kommune
- To piler i kross på ankeret i våpenskjoldet til slekta Anker