Pierre Cécile Puvis de Chavannes, (14. desember 182424. oktober 1898) var ein fransk kunstmålar. Sett vekk frå dei tidlege verka, vert arbeida hans rekna til symbolismen. Han laga mange veggmåleri til offentlege bygningar.

Thumb
Ungjentene og døden (1872)
Thumb
Draumen (1883)
Kjappe fakta
Pierre Puvis de Chavannes
Thumb
StatsborgarskapFrankrike
Fødd14. desember 1824
Lyon
Død

24. oktober 1898 (73 år)
Paris

Yrkekunstmålar, fotograf, biletkunstnar
Sjangerhistoriemåleri
Medlem avAmerican Academy of Arts and Sciences
EktefelleMarie Cantacuzène
Thumb
Pierre Puvis de Chavannes på Commons
Lukk

Liv og gjerning

Puvis de Chavannes var fødd i Lyon, familien hans var av øvre middelklasse. I 1844 reiste han til Paris, der han studerte hos Eugène Delacroix og særleg Thomas Couture.

Han påverka ein heil generasjon kunstnarar. Georges de Feure var ein av dei følgde han nærast. Bilethoggaren Auguste Rodin var kanskje den som henta mest inspirasjon frå Puvis de Chavannes sine arbeid. Også skandinaviske kunstnarar mottok sterke impulsar, dei danske målarane Anna Ancher og Marie Triepcke var av dei som i Paris gjekk i lære hos Puvis de Chavannes. Den svenske prinsen, Eugen, studerte hos han åra mellom 1887 og 1889.

Juryen i Paris-salongen avviste måleri frå hans hand i åtte år, før han endeleg i 1861 fekk sitt gjennombrot med verka Concordia og Bellum. Særleg viktig for Puvis de Chavannes var det at den franske regjeringa kjøpte inn eit av arbeida hans til muséet i Amiens.

Puvis de Chavannes er mellom anna kjend for sine freskomåleri. Nokre av desse kan i dag sjåast på til dømes rådhusa i høvesvis Paris og Poitiers, på Sorbonne, og Panthéon i Paris. Dessutan finst fresker i USA, som på biblioteket i Boston i Massachusetts. Måleri på lerret finst i mange USA-amerikanske og europeiske galleri. Arbeida hans vert oppfatta som grunnleggande symbolistiske.

I 1890 var han med å grunnleggje den nasjonale kunstforeininga i Frankrike, kalla Société Nationale des Beaux Arts. Han var første formannen i foreininga. Frå 1926 har kunstforeininga stått for utdelinga av prisen Prix Puvis de Chavannes.

Utvalde verk

  • Saint-Sébastien, 1854, 61,5 x 51 cm.
  • Orphée, 1896, 67 x 46,5 cm, Oslo, Nasjonalgalleriet.
  • Homère (la Poésie épique), 1896, 126 x 62 cm, Boston, Museum of Fine Arts.
  • La Madeleine, 1897, 116,5 x 89,5cm, Budapest.
  • La Gardeuse de chèvres, 1893, 86 x 54 cm, Mâcon.
  • Doux Pays, 1882, 230 x 428 cm, Bayonne, Musée Bonnat.
  • Retour de Chasse, 1859, 345 x 295 cm, Musée des Beaux-Arts de Marseille.
  • L'Eté, 1891, 150 x 232 cm, Cleveland, Cleveland Museum of Art.
  • Les Baigneuses, vers 1890, 55,4 x 35,5 cm, Toronto.
  • Les Jeunes filles et la mort, 1872, 146 x 105 cm, Williamstown.
  • Vie de sainte Geneviève, 1879, Cambridge i Massachusetts.
  • Le Pauvre Pêcheur, 1881, 155,5 x 192,5 cm.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Pierre Puvis de Chavannes

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.