Peter Gabriel (1978)
studioalbum av Peter Gabriel (1978) / From Wikipedia, the free encyclopedia
Peter Gabriel er det andre soloalbumet til den engelske musikaren Peter Gabriel. Det kom ut i 1978. Albumet er det andre med same namn som artisten. Det vart produsert av gitaristen Robert Fripp, som påverka albumet med bruk av «frippertronics» på sporet «Exposure».
Peter Gabriel Studioalbum av Peter Gabriel | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 2. juni 1978 | |
Innspelt | November 1977 til februar 1978 | |
Studio | Relight Studios i Hilvarenbeek i Nederland | |
Sjanger | Progressiv rock, kunstrock | |
Lengd | 41:29 | |
Selskap | Charisma (Storbritannia) Atlantic (Nord-Amerika) | |
Produsent | Robert Fripp | |
Peter Gabriel-kronologi | ||
---|---|---|
Peter Gabriel (1977) |
Peter Gabriel | Peter Gabriel (1980)
|
Singlar frå Peter Gabriel | ||
|
Albumet selde ikkje like bra som det første albumet hans, Peter Gabriel, men nådde tiandeplassen på albumlista i Storbritannia.[1] «Mother of Violence» vart skriven av Gabriel og den første kona Jill Gabriel.
I USA vart albumet kalla Peter Gabriel II. Albumet vert ofte kalla Scratch, som syner til plateomslaget av Hipgnosis. På strøymingstenester vert albumet kalla Peter Gabriel 2: Scratch.
Albumet var opphavleg meint som ein del av ein laust basert trilogi i lag med Robert Fripp sitt Exposure og Daryl Hall sitt Sacred Songs. Alle tre var produserte av Fripp.