![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/15/Die_Gartenlaube_%25281881%2529_b_161.jpg/640px-Die_Gartenlaube_%25281881%2529_b_161.jpg&w=640&q=50)
Peter Christen Asbjørnsen
norsk skribent / From Wikipedia, the free encyclopedia
Peter Christen Asbjørnsen (15. januar 1812–5. januar 1885) var ein norsk forfattar, naturvitar, zoolog og folkeminnesamlar og utgjevar. Han gav ut Norske huldreeventyr og folkesagn i to band, og samarbeidde med Jørgen Moe om folkeeventyra. Dei arbeidde fram ein sams norsk eventyrstil som har fått mykje å seia for norsk prosastil i all ettertid. Det nære samarbeidet mellom dei to eventyrsamlarane og utgjevarane, har ført til at ein gjerne oppfattar dei som eit forfattarpar. Det er mest ikkje råd å nemna den eine utan å ta med den andre. Men arbeidet med segner/huldreeventyr var Asbjørnsen åleine om.
Peter Christen Asbjørnsen | |
![]() | |
Pseudonym | Clemens Bonifacius |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 15. januar 1812 Christiania |
Død |
6. januar 1885 (72 år) |
Yrke | skribent, marinbiolog, barnebokforfattar, forstmann, eventyrsamlar |
Medlem av | Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab |
Peter Christen Asbjørnsen på Commons |
Asbjørnsen var fødd i Christiania, men vart teken ut av borgarskolen og send på eit privat artiumkurs på Norderhov for å konsentrera seg om skulefaga. Her gjekk òg Jørgen Moe, som mellom anna delte interessa hans for folkedikting. Dei to vart vener for livet.
Etter artium var Asbjørnsen huslærar på Romerike, og tok til å skriva opp segner og eventyr. I slutten av 1837 offentleggjorde han nokre av dei i Nor, en Billedbok for den norske ungdommen.
Same året byrja òg Asbjørnsen samarbeidet med Moe, og dei felles innsamlingane deira vart til Asbjørnsen og Moes norske folkeeventyr.
Asbjørnsen heldt fram med å gje ut forteljingar frå folketradisjonen til kort tid før han døydde. Det meste av det han skreiv høyrer likevel til andre område. Han var ein av dei første havforskarane, studerte forstvesen i Tyskland, var forstmeister og ei tid «Torvmeister». Han var ein litterær alt-mogleg-mann som skreiv folkeskrifter og populærvitskaplege artiklar, skildra ei reise til Egypt, laga ei kokebok og slost med Eilert Sundt om den rette måten å utnytta korn på, «grautstriden». Og allereie i 1861 skreiv han - som den første i Noreg - ein stor populær artikkel i budstikka om den nye utviklingslæra til Darwin.