![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/2f/Bill_of_Mortality.jpg/640px-Bill_of_Mortality.jpg&w=640&q=50)
Pesten i London 1665
From Wikipedia, the free encyclopedia
Pesten i London 1665, på engelsk kjend som The Great Plague («Den store pesten») var ein brutal epidemi som i 1665 drap rundt 75 000–100 000 menneske i London, det vil seie omkring ein femtedel av folketalet.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/2f/Bill_of_Mortality.jpg/320px-Bill_of_Mortality.jpg)
Det blir rekna at pesten var ei form for byllepest som kom frå pestbakterien Yersinia pestis, og at den blei spreidd av rotter. Det er også nemnt symptom på septisk pest og lungepest, som begge er variantar av byllepest. Sjølv om omfanget var langt mindre enn Svartedauen blir den i Storbritannia huska som «Den store pesten» fordi den var det siste store utbrotet av pest i Europa.