gardbrukar og medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll From Wikipedia, the free encyclopedia
Peder (Per) Pedersson Hjermann (1. desember 1754–25. desember 1834) var ein norsk gardbrukar og eidsvollsmann frå Lærdal i Sogn og Fjordane.
Peder Pedersson Hjermann | |
Peder Pedersson Hjermann måla av Ragna Hennig-Larsen. Tilhøyrer Eidsvoll 1814. Frå DigitaltMuseum | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1. desember 1754 Lærdal kommune |
Død |
25. desember 1834 (80 år) |
Yrke | bonde, politikar |
Språk | norsk |
Peder Pedersson Hjermann på Commons |
Hjermann var son av bonde og lensmann Peder Pederson Hjermann og Ingeleiv Lassedotter Øvre Eri. Han vart gift med Berte Malene Tomasdotter Dalsøren i Luster i 1775 og tok over over farsgarden. Paret fekk ingen born og Hjermann vart enkjemann i 1806. Han gifta seg på nytt i 1809 med Elsa Sofie Sørensdotter Lem frå Årdal. Dei fekk fem born.
Hjermann var bonde, men i åra 1797-1813 var han også med i forlikskommisjonen. Han var og postopnar ei tid.
I 1814 vart Hjermann fyrst vald til valmann frå Lærdal prestegjeld. Valmennene møtte så i mars månad i Vik til valmøte der det skulle veljast tre av fem representantar for Nordre Bergenhus Amt. Hjermann vart vald saman med sokneprest Nicolai Nielsen frå Holmedal og sorenskrivar Lars Johannes Irgens frå Sogndal. Dei tre utsendingane reiste saman med representantane frå det infanteriet, Ole Elias Holck frå Alvera og Nils Johannesson Loftesnes, til riksforsamlinga på Eidsvoll. Hjermann slutta seg til sjølvstendepartiet.
Hjermann døydde på garden sin, Stødno, i Lærdal i 1834. Der er reist ein minnestein over han. Hjermann vart gravlagd på Hauge gamle kyrkjegard. Kyrkjegarden vart nedlagt for lenge sidan og der er ingen gravminne der.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.