Pave Johannes Paul II
From Wikipedia, the free encyclopedia
Johannes Paul II (18. mai 1920–2. april 2005) vart den fyrste ikkje-italienske paven på 455 år. Pavetida hans vart den tredje lengste i historia, etter Pius IX og Sankt Peter, og han var pave i 26 og eit halvt år.
Kjappe fakta Dåpsnamn, Fødd ...
Johannes Paul II | |||
![]() Paven i Vatikanet i september 2004. | |||
Iohannes Paulus II | |||
Dåpsnamn | Karol Józef Wojtyła | ||
---|---|---|---|
Fødd | 18. mai 1920 Wadowice i Polen | ||
Død | 2. april 2005 Vatikanstaten | ||
Vald | 16. oktober 1978 | ||
Innsett | 22. oktober 1978 | ||
Føregangar: | Johannes Paul I | ||
Etterfylgjar: | Benedikt XVI |
Lukk
Johannes Paul II var ein svært aktiv pave som gjorde over hundre utanlandsreiser, og som til saman reist lenger enn alle dei andre pavane til saman. Han lærte seg mange språk, og helsa ofte dei store menneskemassane som samla seg for å sjå han på morsmålet deira. Han hadde òg mykje kontakt med representantar frå andre trussamfunn.
Pave Johannes Paul II lyste sæle og kanoniserte fleire personar enn nokon tidlegare pave. I oktober 2004 hadde han sællyst 1 340 menneske.